I nyare tid har Dimmu Borgir gått lenger frå black metal-sjangeren, men samtidig haldt på mange av elementa. Det er usemje om Dimmu Borgir vert rekna som eit symfonisk black metal-band i dag, eller rett og slett berre eit symfonisk ekstrem metal-band. Namnet Dimmu Borgir er tatt frå ein stad på Island, Dimmuborgir, som er eit stort område med uvanlege lavaformasjonar aust for innsjøen Mývatn. Området består av diverse holer og klippeformasjoner. Dimmuborgir tyder «mørke borger».
Dimmu Borgir er kjend internasjonalt og saman med A-Ha og Turboneger er dei Noreg sine største eksportvarer av musikk. Dimmu Borgir spelar symfonisk black metal, mykje dissonansar, melodilinjer, temposkifter, endringar i tone og taktart, rabiate og teknisk avanserte trommer, mørk stemning og inspirasjon frå klassisk musikk. Dimmu Borgir sine tekstar byggjer ofte på sataniske verdiar, men bandet nektar for at dei har noko personleg forhold til satanisme. Dimmu Borgir gjekk etter kvart over til å hovudsakleg skrive på engelsk (tidlegare hadde dei skrive norske songtekstar), for at bodskape deira skulle verte lettare å forstå. Dei var òg lei av å forklare for ikkje-norsk-språklege kva tekstane handla om.